Mellom Bakkar og Berg Aaffroad

" - han såg ut på dei steinute strender...."



Mellom Bakkar og Berg Aaffroad (MBBA) er ei lauseleg samansett gruppe av offroadinterreserte folk i Ørsta og Volda regionen. MBBA vil først og fremst jobbe for å ha det kjekt, men også for å støtte arbeidet med å få eit permanent køyrefelt i vårt område. MBBA tek sjølvsagt avstand frå uorganisert herjekøyring som plager andre, og spesielt køyring som skader verneverdig natur eller er i strid med friluftsinterressa til ålmenta.

Køyrereglar for MBBA:
All køyring er på eige ansvar.
Ved terrengkøyring held vi oss alltid under 30km/t.
Vi har alltid på oss bilbelte.
Dersom bilen ikkje har fast tak eller veltebur/bøyle køyrer vi ikkje slik at det er risiko for velting.
Vi monterer fast brannslokkar i alle bilar, minst 1x2kg.
Vi har førstehjelpsutstyr med i alle bilar.
Ved deltaking på 4x4 arrangement følger vi dei reglar som gjeld der.

Køyrereglar for området som MBBA disponerar:
All køyring er på eige ansvar.
Vi køyrer berre når det er lyst om ikkje anna er avtala med grunneigar.
Køyring på dyrkamark er strengt forbode.
Vi køyrer berre innanfor anviste grenser.
Det er maks 30km/t i heile feltet og på tilkomstveg.
MBBA sine retningskilt og anvisningar i bakkane skal alltid følgast.
Bilbelte skal alltid være i bruk.
Det skal brukast hjelm på ATV/motorsykkel.
I dei brattaste bakkane skal det ikkje brukast bil utan tak eller veltebøyle.
Det skal ikkje være lause gjenstander i førarhuset, eller i motorrommet på bilen.
Det skal alltid ligge igjen mindre rot i feltet når vi dreg, enn når vi kom.
Motor skal ha tilfredstillande lyddemping av omsyn til naboar.
MBBA kan kreve bremsetest som for TT/bilsportforbundet.

Reglane kan og vil bli endra etter humør og utan vidare varsel.


 

MBBA er åpent for nokre av dei som har bil med firhjulstrekk og lavserie som bur i Ørsta og Volda

På biletet under ser du MBBA på Offroadtreff på Rena i pinsa der vi har vore to år på rad.