Nytt -lite mekking
Wednesday, August 22, 2012, 11:26 - Nytt
Det har vore laber aktivitet i klubben siste par åra, men det har så vidt byrja livne i enkelte garasjer, på tross av at nokre tilgomed har solgt trekkhjulsfirarane sine.

Frode
- Har rydda garasja og så smått begynt å skru litt på CJ'en igjen.
- Har kjøpt seg lilla TJ.. !

Arnfinn
- Har solgt den korte svarte og skrinlagt prosjektet for å konse om den svarte lange.
Akslingsjobb så smått påbegynt og har enda meir delar på veg

Terje
- Køyrer Jimny og har SJ på stall.

Kristian
- Køyrer TJ på 35" daglig og glisar.

Idar
- Har solgt CJ og kjøpt seg ein svindyr ATV

Egil
- Har kjøpt seg Audi, men har fortsatt TJ'en
  |  permalink
Ny bil i klubben!
Friday, May 15, 2009, 06:13 - Nytt
Frode er i fyr og flamme etter at han kom over ein snerten liten brannbil på stryn!

Bilmerket Frode brenn for er såklart Jeep og modellen er J20. Motoren ein 360 V8 med 170hk og bilen har berre gått usle 8500km. Lite pyromanar på Stryn kan me fastslå.. Frode har planar om å sløkke brannar på frivillig basis til utpå sumaren ein gong, men når hausten nermar seg vil pumpa og litt av det andre meir upraktiske utstyret bli plukka av.

Ellers går det rykter om at fleire medlemmer i klubben vurderer bilkjøp for tida.
andre rykter: Idar har CJ5'en på vegen igjen etter overhaling av motor og drivverk!
  |  permalink
Bilen Min
Thursday, November 13, 2008, 11:04 - Nytt

Christian Berset frå Ørsta har teke bilder til boka Bilen Min som kjem ut akkurat i tide til julesalget. MBBA set denne såklart opp på ønskelista si. Christian er ein kjenning av MBBA, og brukte faktisk medlemmene sine bilar til å øve seg på som ung fotograf på midten av 90-talet. MBBA sine medlemmer klarer nok neppe å vente på nynorskutgåva av denne boka :)
  |  permalink
Køyring på Søndag 08.06.08 1200
Tuesday, June 3, 2008, 21:22 - Køyring
Køyretreff i hålå på vanlig måte.
  |  permalink
Ny bil i klubben
Friday, May 30, 2008, 09:07 - Nytt

Terje var til austlandet og henta denne '99 jimnyen og MBBA gratulerer!

Terje har planar om større hjul, men kor omfattande dette blir er fortsatt ikkje heilt bestemt.

andre nyheiter:

Frode har på veg ei kasse frå USA full av godsaker
Egil har på veg ny bakaksel i kassa til Frode
Idar har på veg fordelingskasse
Arnfinn har på veg ARB og andre godsaker


  |  permalink
JCN Gol Safari 2008
Sunday, April 6, 2008, 18:19 - Køyring
I år ble det til at Frode og undertegnede dro til Gol for å delta på Jeep Club Norway's årsmøte kombinert med en safaritur opp i skianlegget på Gol.
Vi begynte ganske så forsiktig med selve årsmøtet på fredagen etterfulgt av en middag på Pers Hotel.
Lørdagen var satt av til utflukt opp i skianlegget, der deler av løypene var stengt for skiløpere slik at Jeepentusiastene kunne få testet kjøretøyene sine i bratta. Litt dårlige (snø-)kjøreforhold gjorde at turen opp til selve løypa ble litt vanskeligere enn tidligere år, men samtlige biler kom fram.
Utover dagen ble det grilling kombinert med avslapping i solen før vi igjen bega oss ut i løypa. På ettermiddagen ble de resterende løypene stengt for skiløperne og vi hadde da hele anlegget for oss selv.
Etter hvert var det så retur til hotellet hvor det da ble jugd over et par pils før det ble middag.
På søndag valgte Frode og jeg (p.g.a. tidsklemma) å droppe utflukten som JCN hadde planlagt denne dagen og heller vende nesen hjemover.

Kristian
  |  permalink
Påsketreff -AVLYST
Monday, March 17, 2008, 10:27 - Køyring
2. påskedag kl.1200 har me ikkje køyretreff.
Dette er avlyst pga mangel på parkering og tilkomstveg grunna stort snøfall.

Det trengs nok større hjul med grovt mønster i hålå no for tida.
Skal vi ta et bittelite væratterhald? legg i alle fall ut en snørapport frå hålå her før treffet.

MBBA stiller med grill, du tek med pølser.

Pass på å ikkje sperre for garasja på oppsida av vegen ned til håla!


  |  permalink
Nesten!
Monday, March 10, 2008, 20:01 - Nytt
Egil har nesten kjøpt seg TJ!

Den skal han nesten hente seg heim til helga, og er ein '99 som er ikledd den smukke fargen svart. Egil har planar om å bestykke bilen med 35" hjul, og har allereie planar om å ta heim ein ferdig oppsett aksling frå USA med ARB og turvande giring. Ein ny soft-top står også på ønskelista. Jeepen har ein 2.5 liters motor og 31" hjul i dag, og er ellers original.
MBBA sine andre nestleiarar ønsker Egil velkomen tilbake som fullverdig nestleiar, og ser fram til fine utflukter ilag med heile gjengen.
Det byrjar med dette å bli tynt i rekkene blant vinsjehorene og etter det terrengbil.com kjenner til har Arnfinn tilogmed kjøpt seg egen vinsjutstyrsbag med sjaklar, stropper og kasteblokk. MBBA inviterer til opptaksprøver for nye vinsjehorer på neste treff, ta med din egen vaselin.
  |  permalink
Mekking i MBBA
Wednesday, December 12, 2007, 21:38 - Mekking
I vinterens mulm og mørke skjer det ting med bilane til medlemmane i MBBA.
Andreas sin Campo har vorte høgare, fått større hjul, kortare plan, finare lys, og blir no rustsveisa. giringa til fordelingskassa hans er komen til landet også.



Bilda har eg stjelt frå sidene til Ørsta Volda Gatebilklubb.

Arnfinn sitt nye prosjekt er i startgropa, og etterkvart som det går i gong kan du følge med i
garasjetråden hans på offroad.no

Terje sin SJ blir i desse dagar sett bort til rustsveising, og Øystein sin defender får ny kalesje og bøylar i vinter.

Kristian sin bil har fått ny bakaksel, ARB, lavare giring og nye bremser. Den er venta i bli klar frå Bækken før jul. (Pinede ei av dei råaste julegåvene i klubben trur eg)
Ligg nokre bilder av bilen til Kristian i prosjektråden til Frode som du finn på offroad.no. Der er det sist men fryktelig langt frå minst mykje fine bilder og lesing om prosjektet til Frode. Ramma og akslane er i ferd med å bli vener, og Bækken jobbar så raskt med bilen, at Frode har fått det travelt med å få ferdig garasje/lagerløda si fram på dalen. Kompisane hans står desverre til knes i juleførebuingar med utolmodige kjeringar hengande over seg, så det er lite hjelp å få på denne sida av jul. Ja, dei er ein gjeng med tøffelheltar!

  |  permalink
nyttårstreff i hålå
Friday, December 7, 2007, 09:07 - Køyring
Tradisjonen tru har MBBA eit minitreff i hålå på nyåret!

NY DATO! Søndag 06.01.2008 kl 1200


MBBA stiller med grill dersom det er opplett, du tek med pølser.

Nytt denne gongen er enkle sikkerheits og køyrereglar sidan det kom sopass mange sist gong.
Meir om dette seinare.



  |  permalink

Next