nyttårstreff i hålå
Friday, December 7, 2007, 09:07 - Køyring
Tradisjonen tru har MBBA eit minitreff i hålå på nyåret!

NY DATO! Søndag 06.01.2008 kl 1200


MBBA stiller med grill dersom det er opplett, du tek med pølser.

Nytt denne gongen er enkle sikkerheits og køyrereglar sidan det kom sopass mange sist gong.
Meir om dette seinare.



  |  permalink
Bakkar og Berg
Saturday, October 27, 2007, 12:24
I dagens Møre Nytt kan me lese om eit par driftige karar som har danna eit selskap for å selge opplevingar til grupper og firma i distriktet vårt. Mellom Bakkar og Berg Aaffroad legg merke til at dei har eit navn på selskapet sitt som kan minne om navnet på klubben vår, men sidan me i MBBA ser på dette som eit strålande eksempel på 50% god sunnmørsk gründervilje og ei bra satsing, så let me det passere :) Tidlegare har me no tross alt lete dette passere også:
http://www.mellombakkarogberg.no/

MBBA ser stort på det, og ønskjer Bakkar og Berg lykke til med drifta si!
  |  permalink
Shopping for parts
Thursday, October 18, 2007, 10:03 - Nytt
Frode og Kristian er allereie i gong med julegåvehandelen. Det gjeld å være tidleg ute når pakkane skal over dammen og rekke hit tidsnok til å havne under julegranene til dei to karane. ARB'ar, akseloverhalingskit, og giringar blir no lagde i ei stor kasse og sendt til Ørsta.
Det kjem ikkje til å mangle på arbeid for karane som i desse dagar også ventar ei tidlegare bestilling med bremsedeler.
Frametter vinteren blir det nok mykje skruing i MBBA!
  |  permalink
Haustatreff i hålå!
Tuesday, October 9, 2007, 17:28 - Køyring
Søndag 28.oktober blir det køyretreff i hålå frå kl 1200, det blir skilta frå riksvegen.

Me har ein treffdiskusjon om treffet i tråden til S&F offroad.

Ser ut til at fjellturen til dalsfjordfjella utgår grunna dårlege meldingar.

  |  permalink
Nyhende i MBBA
Thursday, October 4, 2007, 20:22 - Nytt
Er så mykje nytt i MBBA for tida at eg må samle alt i ei sak..

Frode har solgt XJ'en til fordel for CJ-prosjektet
Bilen reiser nedover til Austlandet ein av første dagane, der den blir å sjå på treff og konkurranser i tida framover.

Frode har solgt biltransporterprosjektet
Sidan Frode ikkje har uregga bil lenger, og andre prosjekt krev tid, gikk bilen til ein som trengde den meir.
Paja og Jasen biltrailteam har kjøpt bilen og skal bruke den til å reise rundt på biltrailkonkurranser landet rundt.

Jasen-teamet frå Ålesund imponert over hålå
Jasen-teamet vart så imponert over MBBA sitt køyrefelt at dei vil vurdere muligheitene for å arrangere ei runde i trailcupen i Åmdalen.
MBBA synes dette er ein strålande idé, og vi skal gjere alt i vår makt for å få dette nermare ein realitet.

MBBA arrangerer haustatur?
Arnfinn og Øystein lurer på å ta seg ein haustatur til dalsfjordfjella i slutten av Oktober.
Lyst å være med? Ta kontakt med Arnfinn.

Ellers i smånytt kan det nemnast at Arnfinn har fått gitt vekk ei suzukibalje til Jasen-teamet, Frode bygger verksted og bilstall i ein fjøs i åmdalen og treng dugnadshjelp, og Øystein har vorten kvitt alt av suzukideler.




  |  permalink
MBBA på NTC Trophy Rena
Sunday, September 9, 2007, 21:15 - Nytt
Kristian og Arnfinn tok turen til Rena med Arnfinn sin SJ. Dei havna på lag saman med to dyktige sjåførar med CJ og TJ, og hamna på ein god 11. plass av 38 lag. Bilder av oss i sving på www.offroad.no, og Kristian har lagt ut mange bilder på vårt galleri
  |  permalink
NTC Trophy Rena 7.september
Thursday, August 9, 2007, 20:20 - Nytt
Sidan Frode er med å arrangerer treffet på Rena, tek nok fleire av MBBA sine medlemmer vegen til Rena denne helga. Det blir førebels meldt om få bilar herifrå, men fleire veg for og imot og ser an saka.

Les meir om treffet på www.offroad.no.

Update1: Frode melder avbod grunna stort reisepress i jobben til kjedelige og grå destinasjonar som på ingen måte kan måle seg med eksotiske Rena. Heimen også krev sitt, og året har berre 52 helgar..

Update2: Arnfinn mekkar og prøver å gjere bilen klar til langtur. Tande er klar for tur, men slit litt med jobb. Øystein klarer ikkje å få bytta vekk vakter..
Andre som har lyst og evne til ein haustatur over fjella?
  |  permalink
Klubbkveld 21.06.2007
Monday, June 4, 2007, 19:26 - Mekking
MBBA klubbkveld i garasja til Arnfinn igjen:

-balenohøgging
-samuraihøgging/kapping
-terje seter
-frode akslar

Ved pent vær kan vi kanskje ta ein tur til Sæbø for is og sjå garasja til Andreas.

++

arnfinn held brus, dinglevatn og potetgull.

Arnfinn byrjar ca 1800 folk kjem når dei kan/vil.


  |  permalink
D90 har bytta eigar.
Tuesday, May 15, 2007, 07:52




Denne flotte bilen har no blitt solgt til fordel for ein båt tru det eller ei. Egil fann etterkvart ut at defenderen ikkje hadde nok oppdrift til å fare ut på Raudøya for pils og småsei, så då tok like godt Øystein å kjøpte den. Bilen skal no byggast litt om til å stette behova som legeambulanse på Ona. MBBA aner at mangelen på oppdrift kjem til å føre til eit salg igjen....

MBBA håper at Øystein no får utfolde seg meir i løypene enn i garasja slik det har vorte med Samuraien. Den skal no selgast.

MBBA ønsker Egil til lukke med båthandelen, og håper det ikkje går for lenge før han kjem på land og tek til vet, og kjøper 4x4 igjen.


  |  permalink
Norgescup og midtnorskcup i biltrail
Monday, May 7, 2007, 22:05 - Nytt
19. mai Norgescup #2 Ålesund, Norge
20. mai Midtnorskcup MNC #1, Norge

to trial konkurranser i Olsvika på ei helg!

litt meir info på www.nafmotorsport.no og som vanlig er dei like tydelige som dødehavsrullane på kva som skjer, og kva tid publikum skal kome, og kva det kostar... men underhaldninga blir det nok ingenting å seie på.

edit: No har dei lagt ut litt info ser eg om både startidspunkt og bilettpris. Bra! Ser av startlista for Laurdagen at heile norgeseliten i biltrail kjem, så dette blir bra!
  |  permalink

Next