Genuine Gears Quick Lok diffsperre

Sperra var bestilt som ei Powertrax lock right men når pakken omsider dukka opp frå www.trailtough.com var det eit anna merke på eska. Men delane passa og sperra fungerar supert så då er det vel ok...

Det vart bestilt to sperrer og den eine vart putta i min bil, og den andre i Terje sin bil. (den raude med 2"OME)

Vi rigga oss til med begge bilane side om side og simultanmekka. Etterkvart vart det til at vi skrua litt om kapp også..

    
Først satte vi bilane opp på bukkar og tappa oljen ut av diffane.
det er Terje som har sexy dempera på bilen sin.. Kristian monterer arbeidsbenk..

 

Så løsna me drivakslingar og bremsekjold. Hjulmutrane vart løsna og skrudd nesten heilt av. Slik vart hjulet brukt som slaghammer for å rykke ut stikkakslingen med hjullager frå bakakslingen.

 

Medan to kompisar dreg i stikkakslingane lirkast diffklumpen ut av bakakslingen

Så demonterte me diffane frå pinjonghuset.


 

Her er delane som "erstattar" planethjula i diffen. 


Så blir dei nye clutchane og kryssboltane putta inn og diffen innmontert i pinjonghuset igjen. dei små solhjula som sit i enden på stikkakselen blir brukte oppatt.
Var litt jobb med å få nokelunde rett klaring mellom pinjong og kronhjul og å få rett lagertrykk i lagera.

  
så blir pinjonghuset og diffklumpen putta inn i akslingen igjen og stikkakslingane puttast inn i diffen.. litt pirk med å treffe...


Deretter er det berre å skrue fast pinjonghus og bremseskjold og å fylle olje på diffen.

Takk til:. Kristian (roadrunner) for ingeniørkompetanse og fine bilder og Sverre Ola (mopar) for IT-assistanse og mekkekonsultering..

Prøverapport kjem seinare, men foreløpig virker det veldig kjekt. Er ikkje ubehagelig på noken måte enn så lenge.